Her på garden har me både dessert- og syltebær for sal. Kjøp gjerne bær med heim og fyll frysaren med vitaminar og antioksidantar. Garden er og leverandør til TINE sin populære appelsin- og bringebærjuice, som no er i ferd med å bli ein salssuksess.
Vik har gode klimatiske forhold for bringebær, og garden har drive bringebærproduksjon sidan 60-70-talet. Bringebær er fulle av antioksidantar og no siste åra har folk verkeleg fått sansen for denne sunnheitsbomba.
I tidlegare tider vart bringebærplanta nytta i urtemedisin, både bær og blad av bringebærbusken er gamle, folkelege legemidlar. Dei ville bringebæra har nok vore kjent og ete så lenge det har budd folk her. Bringebær har vore dyrka i Vik i minst 100 år, men produksjonen starta for fullt for om lag 50 år sidan. No siste åra har dette auka kraftig og Vik er ein av dei største bringebærbygdene i Sogn og Fjordane, ja faktisk i heile landet!
|
Sist oppdatert ( torsdag 03. september 2009 )
|