Velkommen til Stadheim, bringebærgrenda 2,5 km frå sentrum i Vik. Dette grøderike platået ligg om lag 110 moh og vart danna som eit elvedelta på slutten av istida - for ca 10 000 år sidan. Her er triveleg å leva og bu for store og små.
Garden Reinao ligg på reinekanten og her har sauer og 2 pusar tilhald saman med familien på 3 generasjonar. Bruket er ikkje stort, men godt utnytta – alt som er flatt er tilplanta med bringebær medan bratta vert slegen og gir for til sauene. Me inviterar dykk gjerne til å ta del i gardsaktivitetane.
Kontakt
Kontaktpersonar |
Åslaug Stadheim og Oddbjørn Ese |
Adresse |
Stadheim, N-6893 Vik
|
Epost |
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
|
Telefon |
57 69 55 55
|
Mobil |
408 52 181 |
|
Sist oppdatert ( torsdag 03. september 2009 )
|